Birdbox Fanøy
Gjeterhytte i Batalden, Norge
- 2 gjester
- 1 soverom
- 1 seng
- Toalett
Gjert Erik er vertskap
- Superhost
- 3 år som vertskap
Høydepunkter ved utleiestedet
Blant de beste 10 % av hjem
Dette er ett av de beste hjemmene basert på vurderinger, anmeldelser og pålitelighet.
Innsjekking uten vert
Sjekk inn selv med smartlåsen.
Vakkert område
Gjestene elsker hjemmets naturskjønne beliggenhet.
Her bur du med ei utsikt som verkeleg tek pusten frå deg – 360 grader med rå og ufiltrert kontakt med havet, fjorden og det dramatiske øyriket som omkransar deg. Frå dei store panoramavindauga kan du sjå rett ut på sjøen som bryt mot brutale skjær og holmer, og oppleve naturen i stadig endring – eit evig levande lerret du kan sitte og studere i timevis. Her er det alltid noko som skjer – skyene driv forbi, bølgene rullar inn, lyset skiftar frå time til time, og fuglelivet er rikt og intenst.
Stedet
Birdbox Fanøy – Eit vindauge mot vill vestlandsnatur
Slik kjem du deg til Fanøy:
Parkering ved Florø terminal er lettvint, då det berre er kort veg til rutebåtane. Registrer bilen i EasyPark-appen. Du skal ta rutebåt til Fanøy kai. Det går fleire båtar frå same kaiområde, så det er lurt å møte opp i god tid før avgang og finne rett båt.
Rutetider finn du på nettsidene til Skyss eller i Skyss Reise-appen. Vel dato og klokkeslett, og stoppestadene, frå Florø terminal til Fanøy kai, eller omvendt.
Merk at enkelte avgangar har bestillingsstopp. Dette gjeld avgangar frå Fanøy kai, ikkje om du går om bord i Florø. Ved slike avgangar må ein ringje aktuell båt før avgang frå Florø. Telefonnummer til aktuell båt finn du i Skyss reiseplanleggjar på nett eller i appen.
Når du er på Fanøy:
Turen frå rutebåtkaia og butikken tek om lag 35 minutt til fots. Belønninga ventar i enden av stien: ei hytte heilt ute ved kanten av verda.
Stien er tydeleg og merka med skilt som viser "Birdbox" undervegs.
Først følger du asfaltvegen til Kvernhusvågen – ved Fanøy vannet begynne turstien gjennom marka. Herifrå følger du skilta sti heile vegen fram til hytta.
Hytta sjølv er enkel, men gjennomtenkt. Ho er som ei oppgradert teltoppleving – komfortabel, men utan å bryte med naturen rundt. Her finn du forbrenningstoalett, solcellepanel til lading av små einingar og lys, og ein liten kjøkkenbenk der du kan lage enkel turmat.
Andre ting det er verdt å merke seg
📦 Dette anbefaler vi at du tek med:
🧥 Gode turklede og fottøy
Turen frå rutebåtkaia til hytta tek om lag 35 minutt. Stien går gjennom variert terreng som kan vere vått, bratt og glatt, så gode fjellsko eller tursko er viktig. Kle deg etter vêrforholda og ta gjerne med eit ekstra lag eller skift.
🚰 Drikkevatn
Det er ikkje innlagt vatn i hytta. Du må ta med alt vatn du treng til drikke, matlaging, kaffi/te og tannpuss. Berekn litt ekstra.
🚱 Det er ikkje innlagt vatn i hytta, og derfor er det ikkje mogleg å vaske hendene. Hugs å ta med hygieneprodukt for handvask.
🍲 Enkel turmat og snacks
Hytta har ikkje koketopp eller komfyr, men det finst ein elektrisk vannkoker til bruk for enkel matlaging – til dømes til te, gryterettar, havregryn eller frysetørka turmat. Det finnes nespresso kapselmaskin for kaffe.
🧘 Koseklede og varme lag
Temperaturen ute og inne kan svinge, spesielt ved vind eller regn. Vi anbefaler ullkle, varme sokkar og komfortable inneklede for ei god og avslappa hytteoppleving.
☀️ På solrike dagar kan det bli veldig varmt inne i hytta. For å unngå at temperaturen blir for høg, anbefaler vi å la døra stå open når vêret er fint.
🔇 Øyreproppar og sovemaske (valfritt)
Ved mykje vêr kan vinden og sjøen lage ein del lyd. Mange synest det er stemningsfullt, men for deg som er sensitiv for lyd, kan det vere greitt å ha med øyreproppar. Dette gjeld òg sovemaske om ein er sensitiv for lys.
🚪 Ver varsam med dørene i sterk vind
Dørene på Birdbox Fanøy kan vere vanskelege å opne og halde att når det blæs kraftig. Ver derfor ekstra forsiktig i vindfullt vêr – hal godt i dørene for å unngå at dei slår att eller blir rykt ut av hendene dine. Dette er viktig for å unngå skadar på deg sjølv, andre personar og på dørene.

Hvor du skal sove
Soverom
1 dobbelseng
Dette stedet byr på
Utilgjengelig: Karbonmonoksidvarsler
Velg innsjekkingsdato
Legg til reisedatoene dine for å se nøyaktige priser
Vurdert til 5,0 av 5 basert på 28 anmeldelser.
Gjestefavoritt
Dette hjemmet er blant de topp 10 % av de aktuelle utleiestedene basert på vurderinger, anmeldelser og pålitelighet.
Samlet vurdering
- 5 stjerner, 100% av anmeldelser
- 4 stjerner, 0% av anmeldelser
- 3 stjerner, 0% av anmeldelser
- 2 stjerner, 0% av anmeldelser
- 1 stjerner, 0% av anmeldelser
Vurdert til 4,9 av 5 stjerner for renhold
Vurdert til 5,0 av 5 stjerner for nøyaktighet
Vurdert til 5,0 av 5 stjerner for innsjekking
Vurdert til 5,0 av 5 stjerner for kommunikasjon
Vurdert til 5,0 av 5 stjerner for beliggenhet
Vurdert til 4,9 av 5 stjerner for verdi for pengene
Gjestene nevner
Nærområdet
Batalden, Vestland, Norge
Møt verten
Jobben min: Røkter
Bor i Florø, Norge
Virksomhet
Gjert Erik er Superhost
Vertsopplysninger
Svarprosent: 100 %
Svarer innen en dag
For å beskytte betalingen bør du alltid bruke Airbnb til å sende penger og kommunisere med verter.